Arkiv for kategorien ‘Uncategorized’

Første samling 08/09

september 28, 2008

Web 2.0, spesielt wikispaces, står i fokus på første samling i haust. Eg skal prøve å skape interesse blant lærarane for dette fantastisk enkle og nyttige verktøyet. Er spent på korleis det går!

Historiefortellingsdagen

mai 19, 2008

Visste du at 16. mai var den internasjonale historiefortellerdagen? På høgskolen i Oslo arrangerte Grete Jamissen ei markering av dagen sammen med Jazzmontør. Eg var der! Vi var berre 8, men det er alltid inspirerande å møte andre som er opptatt av digital historiefortelling. Vi fekk ei kort orientering om sjangeren og sett ein del filmar som var gode eksempel på bruk i læring. Refleksjon er eit godt stikkord her. Sammenkonsten blei veldig uformell og derfor nyttig. Grete prøver å få til eit nettverk. Eg melder meg på her og nå! Fleire som vil vera med?
På hio kan du ta 3-dagars kurs hvis du vil!

http://internationaldayblog.storycenter.org/ så kan du sjå kor mange stader dagen blei markert (klikk på map of events).

NKUL dag 3

mai 9, 2008

Så er det siste dagen på nkul 2008. Jan-Arve Overland og Jan Erik Auen prøver å svare på eit viktig spørsmål: kan IKT motivere? Presentasjonen ligg på www.slideshare.net/jaoverla. Jan Erik sin blogg er på http://jao.typepad.com. Lite å hente frå forskning? Opplevelese av mesthring og kontroll er viktig (Sølvberg). Bruk av IKT kan gi indre motivasjon fordi eleven får arbeide med verktøy som er tilpassa elevens interesser, ønsker og ferdigheiter (Olsen). Men det er først når ikt-bruken blir sett inn i den rette pedagogiske samanhengen at ein kan oppnå positive resultat (Skarin).
Kan MSN brukast til noe? F.eks. filosofisk diskusjon med elevane? Det kan virke av og til dersom diskusjonstemaet er tilpassa elevane. Wiki med diskusjon er ein måte å jobbe på.
Bruk av Itslearning i tysk med prøver og lydfiler, oversetting av poplåt etc ser spennande ut. På YouTube kan ein finne nyttige videor også for tyskfaget (Hogne Vindenes). Det meiner også Jan Stockseth som underviser i engelsk. Hvis du har Realplayer kan du laste ned video frå YouTube. Kva med karaoke basert på beatlestekstar? Bruk av film i norskfaget, der elevane presenterer innhaldet i ei bok på ein alternativ måte, er motiverande, seier elevane (Karoline Simonsen). Å la elevane lage film som forklarer korleis ei varmepumpe virkar, er eit ekempel frå naturfag (Kari Klev). Her er altså prinsippet at elevane underviser kvarandre. Smart. Interessant å høyre kva elevane synest om denne måten å lære på.
Dette var noe det mest interessante i dag.

Det var også nyttig å høyre på eit prosjekt om helhetlig skoleutvikling. Korleis få skolen til å bli ein lærande organisajson med fokus på IKT? Positive resultat for elevane , ny praksis og spredning til andre skolar/kommunar er viktig når ein skole får støtte til eit utviklingsprosjekt. Utdanningsdir har støtta eit antall prosjekter. Ståstedsanalyse og skolevurderingsmetodikk er sentrale verktøy. Les meir på www.udir.no/skoleutvikling og www.skolenettet.no/fraordtilhandling.
“Felles løft, felles retning, økt læringsutbytte” er eit av prosjekta, i Malvik kommune (Pia Skog). Eleven blir lærar - læraren blir elev er noe av det dei har prøvd. Ser ut til at Malvik har fått til meir samarbeid og deling mellom skolane. Tydeleg pedagogisk ledelse, eierforhold gjennom deltaking og medskaping, utvikling av eget språk, arena og handlingsrom, kompetanseutvikling er viktig seier Anita Normann. “Eleven på toppen av læringspyramiden” er eit slagord for Charlottenlund skole. Årstrinnsfokus: 3. verktøyopplæring, 9. oppdrag, 10. sjølvalgt prosjekt. Utvikle elevens uttrykkskompetanse er i fokus. Dette er relevant for Ajerprosjektet! Hypotesen er den samme ift læring: eleven reformulerer kunnskap med digitale uttrykk.

Ferske inntrykk frå NKUL

mai 7, 2008

Åpningsforedraget til Øystein Johannessen gav god kredit til Våler ungdomsskole (Pernille) og Nord-Odal ungdomsskole (Målfrid). Elevarbeidene Emo’n Bertil og Forfulgt blei vist for 1000 deltakarar! Johannes brukte desse eksemplene under teamet kjønn og IKT. Som eksempel på det han kalla lavterskeltilbud som engasjerer elevane. Grattis til Pernille og Målfrid!

Sjå åpningsforedraget her:

http://multimedie.adm.ntnu.no/mediasite/Catalog/?cid=fbafc4ab-94ef-4fce-adde-3089b72fb696 

 

Tur til NKUL

mai 6, 2008

NKUL 2008 står for dørs og lærende nettverk Hedmark er på veg. Nå har vi også fått med oss lærarar frå Ajer ungdomsskole der vi har eit fou-prosjekt om bruk av digitale verktøy. Eg har forventningar om at dette skal bli eit fruktbart opplegg for mange.

Spredningskonferansen - ein suksess

april 26, 2008

Det var berre lovord å høyre etter konferansen på Hamar fredag. Vel fortjent seier eg! Øystein Johannessen frå KD var også tilfreds med det han fekk med seg. Det var nesten 60 deltakarar, dei fleste frå skular i Hamar-området og ansatte på lærarutdanninga, men også meir langvegsfarande. Det kom klare utsagn om at dagen hadde vore nyttig med mange gode eksempel på bruk av digitale verktøy. Stor takk til alle som hadde innlegg!

Verktøydag

april 10, 2008

9. april var det samling på Hamar der vi jobba med mange ulike verktøy. Stor innsats og vilje til kunnskapsdeling prega dagen. Eg lærte masse nytt om gamle og nye verktøy. Save2pc ser veldig nyttig ut om ein vil henta ned video fra nettet. Google Page Creator er eit anna verktøy som er lett å lage websider med. Konklusjon: verktøydag er nyttig!
No ser eg fram til 25. april der vi skal spre litt av det vi har funne ut til andre.

My Story

mars 19, 2008

Hello you guys!

I’ve just completed a workshop at the Center for Digital Storytelling. It was great!

Her is my modest contribution to the Story Telling Community:

Slingsby

Nyttige program

januar 23, 2008

Frå Jon Anders har eg nå fått lenker til nyttige program for bildebehandling og videoredigering som han tipsa oss om på Malungen.  Desse kan du finne på nettsida vår eller i fronterrommet vårt. Fastone Photo Resizer er veldig effektiv når ein har mange bilder som ein vil legge ut på nettet. Sony Vegas har eg ikkje prøvd, men har planar! Du finn også lenker til omtale på dinside.no.

Malungen

januar 18, 2008

malungen.jpg
Takk til alle som var med på Malungen-samlinga. Dette var eit høgdepunkt i nettverket så langt. Det er i alle fall mitt inntrykk. Eg er imponert over den aktiviten som foregår og resultater som er oppnådd. Vi har etterlyst eksempler som viser elevarbeid med digitale verktøy, og det fekk vi bøtter og spann. Når ein sit på Hamar og skal ha ansvaret for eit slikt nettverk, så kan ein bli litt usikker. Skjer det noe der ute?  Får vi til at det skjer noe læring i nettverket? Etter Malungen er eg ikkje i tvil lenger: dette får de til. Det er sjølsagt litt ulikt kor langt ein har komme og noen har større utfordringar enn andre med å få prosjektet på beina. Men hovudinntrykket er veldig oppløftande for oss som skal rapportere til sentrale instansar.

malungen05.jpg
Anne Løvland sitt foredrag om samansette tekstar gav oss  nye perspektiv på det vi held på med. Eg håpar at hennar innspel kan komme til nytte i nettverket. Dersom vi får elevane til å bli meir medvitne om bruken av dei ulike modalitetane til ein tekst, så har vi komme langt!

Ellers var det presentasjon av prosjektene som var i fokus denne gongen - og det var lærerikt. I alle fall kom det utsagn som tyder på at mange har fått gode tips og lært masse av kvarandre.

eg vil oppmode alle om å publisere litt av det de har fått til gjennom skolebloggen. Eit par prosjekt er flinke til å dele med andre på dette viset. Prøv å komme i gang med blogging. Har du gløymt korleis du får det til, så finn fram bruksanvisningen og start på nytt.