Blogging i ungdomsskolen

Har i det siste oppdaga ein ny verden. Jenter i ungdomsskolen som driv med blogging.  Dei skriv kilometervis med tekst, sammensatte tekstar. Kva skriv dei om? Om seg sjøl, om fritida si, dagbok på nett liksom. Dei legg ut bilder, musikk, video osv. Kven skriv dei for? for vennene sine tydelegvis, dei har eit nettverk der dei lett ser kvarandre sine blogginnlegg og kommenterer kvarandre. Sjå for eksempel http://majaavr.blogg.no/. Eg blir heilt hekta av å lese kva desse unge jentene skriv. Ikkje berre av innhaldet, men fenomenet i seg sjøl, at dei skriv nesten dagleg om ting dei er opptat av. Veit lærarane kva dei held på med? Nei, det trur eg ikkje. Kan dette brukast til noe i læringa? ja det trur eg absolutt! Ikkje minst viser det at desse jentene faktisk er ganske digitalt kompetente.

Skriv et svar