Eg har oppdaga ein ny verden. Jenter i ungdomsskolen som driv med blogging. Kva bloggar dei om? Om seg sjøl, om ting dei er interessert i, kva dei har gjort i det siste, kva dei meiner om det som skjer. Kven bloggar dei for? For vennene sine først og fremst. Dei har nettverk der dei les kvarandre sine innlegg og kommenterer. Sjå f.eks. bloggen til Maja: http://majaavr.blogg.no/
Eg blir heilt hekta av å lese bloggane til dess jentene. ja for det er nesten berre jenter ser det ut til. Ikkje akkurat av innhaldet. Det er mest jenteting. Men det at dei skriv kilometervis med tekst, til og med sammensatte tekstar. Dei legg ut bilder, musikk, video. Dei spør kva dei andre meiner om dette og hint. Veit lærarane kva dei held på med? Nei, det trur eg ikkje. Er dette interessant for skulen? ja det meiner eg. Kan det brukast til noe nyttig? ja det meiner eg også. Ikkje minst viser desse jentene at dei har digital kompetanse og at dei brukar den til å gjere seg gjeldande i det offentlege rom. Er dette nyttig for desse jentene i framtida? Ja det har eg stor tru på! Men for skulen ser det ikkje ut til ha noen verdi …