Arkiv for januar 2008

Nyttige program

januar 23, 2008

Frå Jon Anders har eg nå fått lenker til nyttige program for bildebehandling og videoredigering som han tipsa oss om på Malungen.  Desse kan du finne på nettsida vår eller i fronterrommet vårt. Fastone Photo Resizer er veldig effektiv når ein har mange bilder som ein vil legge ut på nettet. Sony Vegas har eg ikkje prøvd, men har planar! Du finn også lenker til omtale på dinside.no.

Malungen

januar 18, 2008

malungen.jpg
Takk til alle som var med på Malungen-samlinga. Dette var eit høgdepunkt i nettverket så langt. Det er i alle fall mitt inntrykk. Eg er imponert over den aktiviten som foregår og resultater som er oppnådd. Vi har etterlyst eksempler som viser elevarbeid med digitale verktøy, og det fekk vi bøtter og spann. Når ein sit på Hamar og skal ha ansvaret for eit slikt nettverk, så kan ein bli litt usikker. Skjer det noe der ute?  Får vi til at det skjer noe læring i nettverket? Etter Malungen er eg ikkje i tvil lenger: dette får de til. Det er sjølsagt litt ulikt kor langt ein har komme og noen har større utfordringar enn andre med å få prosjektet på beina. Men hovudinntrykket er veldig oppløftande for oss som skal rapportere til sentrale instansar.

malungen05.jpg
Anne Løvland sitt foredrag om samansette tekstar gav oss  nye perspektiv på det vi held på med. Eg håpar at hennar innspel kan komme til nytte i nettverket. Dersom vi får elevane til å bli meir medvitne om bruken av dei ulike modalitetane til ein tekst, så har vi komme langt!

Ellers var det presentasjon av prosjektene som var i fokus denne gongen - og det var lærerikt. I alle fall kom det utsagn som tyder på at mange har fått gode tips og lært masse av kvarandre.

eg vil oppmode alle om å publisere litt av det de har fått til gjennom skolebloggen. Eit par prosjekt er flinke til å dele med andre på dette viset. Prøv å komme i gang med blogging. Har du gløymt korleis du får det til, så finn fram bruksanvisningen og start på nytt.