Arkiv for november 2007

Animasjon er morro!

november 2, 2007


Dette er min konklusjon etter to dagar med animasjonsverkstad på Hamar. Onsdag var Hege Bø her og fekk oss i gang med ulike animasjonsteknikkar. Dag 2 blei brukt til vidare arbeid for å få ferdig filmane. Dei ferdige produkta er ikkje perfekte, men det gav ei kjensle av meistring å få opp den ferdige animasjonen på storskjerm. Eit godt verktøytips er gratisprogrammet AnimatorDV. Eg trur dei fleste kom så langt at dei vil kunne ta animasjon i bruk med elevane.