Arkiv for april 2007

Stor innsats på workshop

april 26, 2007

Workshopen i digital historieforteljing på Solør videregående skole 18. april var intens og lærerik. Birte Hatlehol losa oss gjennom prosessen og nesten alle vart ferdig med si forteljing. På førehand skulle deltakarane ha planlagt ei forteljing og samla materiale som dei ville bruke. På seks timar skulle så deltakarane både læra å bruke MS Photostory og gjere ferdig forteljinga. I ettertid er eg litt imponert over kva ein kan få til på så kort tid.  Resultatet er sjølsagt ikkje perfekt, men det var heller ikkje poenget. Her var det snakk om å prøve seg som historieforteljar og få inspirasjon til bruke dette saman med elvane.
Her er nokre eksempel på kva som blei laga denne dagen.