Blogging i ungdomsskolen

november 16, 2008 by

Eg har oppdaga ein ny verden. Jenter i ungdomsskolen som driv med blogging. Kva bloggar dei om? Om seg sjøl, om ting dei er interessert i, kva dei har gjort i det siste, kva dei meiner om det som skjer. Kven bloggar dei for? For vennene sine først og fremst. Dei har nettverk der dei les kvarandre sine innlegg og kommenterer. Sjå f.eks. bloggen til Maja: http://majaavr.blogg.no/ 
Eg blir heilt hekta av å lese bloggane til dess jentene. ja for det er nesten berre jenter ser det ut til. Ikkje akkurat av innhaldet. Det er mest jenteting. Men det at dei skriv kilometervis med tekst, til og med sammensatte tekstar. Dei legg ut bilder, musikk, video. Dei spør kva dei andre meiner om dette og hint. Veit lærarane kva dei held på med? Nei, det trur eg ikkje. Er dette interessant for skulen? ja det meiner eg. Kan det brukast til noe nyttig? ja det meiner eg også. Ikkje minst viser desse jentene at dei har digital kompetanse og at dei brukar den til å gjere seg gjeldande i det offentlege rom. Er dette nyttig for desse jentene i framtida? Ja det har eg stor tru på! Men for skulen ser det ikkje ut til ha noen verdi …

Sosial web og læring

oktober 17, 2008 by

Var på ITU sin konferanse 16. oktober om sosial web og læring. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell var engasjert og overbevisande i sitt åpningsforedrag. Han er opptatt av at spriket mellom det som er ungdomen sin fritidsbruk av digitale medier og det som skjer skulen og har tru på at bruken av sosial web har eit potensil. Han kunne ellers fortelje at det kjem eit nytt senter som skal støtte skulenorge i integerering av IKT i skulen. Til nyttår kjem det også ei stortingsmelding om lærarutdanninga. Vi forventar at den tar tak i mangelen på integerering av IKT. 

Særleg interessant var Andreas Lund frå InterMedia sitt innlegg Veni, Vidi, Wikiom om bruk av wiki til felles kunnskapsbygging og deling. Han kunne begrunne sin teknologibruk med teoriar frå mange felt, mellom anna distribiuert kognisjon.

Første samling 08/09

september 28, 2008 by

Web 2.0, spesielt wikispaces, står i fokus på første samling i haust. Eg skal prøve å skape interesse blant lærarane for dette fantastisk enkle og nyttige verktøyet. Er spent på korleis det går!

Historiefortellingsdagen

mai 19, 2008 by

Visste du at 16. mai var den internasjonale historiefortellerdagen? På høgskolen i Oslo arrangerte Grete Jamissen ei markering av dagen sammen med Jazzmontør. Eg var der! Vi var berre 8, men det er alltid inspirerande å møte andre som er opptatt av digital historiefortelling. Vi fekk ei kort orientering om sjangeren og sett ein del filmar som var gode eksempel på bruk i læring. Refleksjon er eit godt stikkord her. Sammenkonsten blei veldig uformell og derfor nyttig. Grete prøver å få til eit nettverk. Eg melder meg på her og nå! Fleire som vil vera med?
På hio kan du ta 3-dagars kurs hvis du vil!

http://internationaldayblog.storycenter.org/ så kan du sjå kor mange stader dagen blei markert (klikk på map of events).

NKUL dag 3

mai 9, 2008 by

Så er det siste dagen på nkul 2008. Jan-Arve Overland og Jan Erik Auen prøver å svare på eit viktig spørsmål: kan IKT motivere? Presentasjonen ligg på www.slideshare.net/jaoverla. Jan Erik sin blogg er på http://jao.typepad.com. Lite å hente frå forskning? Opplevelese av mesthring og kontroll er viktig (Sølvberg). Bruk av IKT kan gi indre motivasjon fordi eleven får arbeide med verktøy som er tilpassa elevens interesser, ønsker og ferdigheiter (Olsen). Men det er først når ikt-bruken blir sett inn i den rette pedagogiske samanhengen at ein kan oppnå positive resultat (Skarin).
Kan MSN brukast til noe? F.eks. filosofisk diskusjon med elevane? Det kan virke av og til dersom diskusjonstemaet er tilpassa elevane. Wiki med diskusjon er ein måte å jobbe på.
Bruk av Itslearning i tysk med prøver og lydfiler, oversetting av poplåt etc ser spennande ut. På YouTube kan ein finne nyttige videor også for tyskfaget (Hogne Vindenes). Det meiner også Jan Stockseth som underviser i engelsk. Hvis du har Realplayer kan du laste ned video frå YouTube. Kva med karaoke basert på beatlestekstar? Bruk av film i norskfaget, der elevane presenterer innhaldet i ei bok på ein alternativ måte, er motiverande, seier elevane (Karoline Simonsen). Å la elevane lage film som forklarer korleis ei varmepumpe virkar, er eit ekempel frå naturfag (Kari Klev). Her er altså prinsippet at elevane underviser kvarandre. Smart. Interessant å høyre kva elevane synest om denne måten å lære på.
Dette var noe det mest interessante i dag.

Det var også nyttig å høyre på eit prosjekt om helhetlig skoleutvikling. Korleis få skolen til å bli ein lærande organisajson med fokus på IKT? Positive resultat for elevane , ny praksis og spredning til andre skolar/kommunar er viktig når ein skole får støtte til eit utviklingsprosjekt. Utdanningsdir har støtta eit antall prosjekter. Ståstedsanalyse og skolevurderingsmetodikk er sentrale verktøy. Les meir på www.udir.no/skoleutvikling og www.skolenettet.no/fraordtilhandling.
“Felles løft, felles retning, økt læringsutbytte” er eit av prosjekta, i Malvik kommune (Pia Skog). Eleven blir lærar – læraren blir elev er noe av det dei har prøvd. Ser ut til at Malvik har fått til meir samarbeid og deling mellom skolane. Tydeleg pedagogisk ledelse, eierforhold gjennom deltaking og medskaping, utvikling av eget språk, arena og handlingsrom, kompetanseutvikling er viktig seier Anita Normann. “Eleven på toppen av læringspyramiden” er eit slagord for Charlottenlund skole. Årstrinnsfokus: 3. verktøyopplæring, 9. oppdrag, 10. sjølvalgt prosjekt. Utvikle elevens uttrykkskompetanse er i fokus. Dette er relevant for Ajerprosjektet! Hypotesen er den samme ift læring: eleven reformulerer kunnskap med digitale uttrykk.

Ferske inntrykk frå NKUL

mai 7, 2008 by

Åpningsforedraget til Øystein Johannessen gav god kredit til Våler ungdomsskole (Pernille) og Nord-Odal ungdomsskole (Målfrid). Elevarbeidene Emo’n Bertil og Forfulgt blei vist for 1000 deltakarar! Johannes brukte desse eksemplene under teamet kjønn og IKT. Som eksempel på det han kalla lavterskeltilbud som engasjerer elevane. Grattis til Pernille og Målfrid!

Sjå åpningsforedraget her:

http://multimedie.adm.ntnu.no/mediasite/Catalog/?cid=fbafc4ab-94ef-4fce-adde-3089b72fb696 

 

Tur til NKUL

mai 6, 2008 by

NKUL 2008 står for dørs og lærende nettverk Hedmark er på veg. Nå har vi også fått med oss lærarar frå Ajer ungdomsskole der vi har eit fou-prosjekt om bruk av digitale verktøy. Eg har forventningar om at dette skal bli eit fruktbart opplegg for mange.

Spredningskonferansen – ein suksess

april 26, 2008 by

Det var berre lovord å høyre etter konferansen på Hamar fredag. Vel fortjent seier eg! Øystein Johannessen frå KD var også tilfreds med det han fekk med seg. Det var nesten 60 deltakarar, dei fleste frå skular i Hamar-området og ansatte på lærarutdanninga, men også meir langvegsfarande. Det kom klare utsagn om at dagen hadde vore nyttig med mange gode eksempel på bruk av digitale verktøy. Stor takk til alle som hadde innlegg!

Verktøydag

april 10, 2008 by

9. april var det samling på Hamar der vi jobba med mange ulike verktøy. Stor innsats og vilje til kunnskapsdeling prega dagen. Eg lærte masse nytt om gamle og nye verktøy. Save2pc ser veldig nyttig ut om ein vil henta ned video fra nettet. Google Page Creator er eit anna verktøy som er lett å lage websider med. Konklusjon: verktøydag er nyttig!
No ser eg fram til 25. april der vi skal spre litt av det vi har funne ut til andre.

My Story

mars 19, 2008 by

Hello you guys!

I’ve just completed a workshop at the Center for Digital Storytelling. It was great!

Her is my modest contribution to the Story Telling Community:

Slingsby


Follow

Get every new post delivered to your Inbox.